Sjøbygda
Kunstnarhus

For menneske - kunst - natur

Sjøbygda Kunstnarhus hadde si offisielle opning august 2009 og driv:

Sjøbygda Kunstnarhus har kunstutviklande aktivitet som eit mål – med ulike innfallsvinklar og verkemiddel for det. Rom og omgivnader gjer noko med folk, med lyd, med samspelet mellom kunstnar og publikum, samspel mellom menneske. Lyd, lys, luft, folk – alt heng ihop. Den tanken er ein grunnstein i Sjøbygda. Klaraste stjernehimmelen er taket! To vakre hus frå slutten av 1800-talet er restaurerte etter godt kulturminnevern og innreia med moderne fasilitetar.

Eggaodden skole

110 m2 (1891). Var i bruk som skule frå 1893 til 1956. 1.etasje: Arbeidsrom/stove (35 m2, 3 meter under taket) med original-lyseblå veggar, fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, kjøleskap og frysar. Dusj og wc, vaskemaskin og tørketrommel. Bad og entré har varme i golvet. 2.etasje: 3 soverom + 3 alkover med forheng. 9 (-12) soveplassar. Fantastisk støypejarnsomn. Nye entrégolv og benkeplater i betong på kjøkken og bad, laga av Benedikte T. Wedset, BRUK design. Utsikt til Selbusjøen. 200 meter til stranda. Båtplass.

Bekkastoggo

70 m2 (1927). I bruk som bustad for to søstrer til 1956. Restaurering kobla med smarte, praktiske arkitektoniske nyløysingar av Bente Rødahl har gitt eit lyst, særprega og vakkert hus. 1.etasje: stove med støypejarnsovn, fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, gang. 2. etasje: 2 soverom + 1 flexirom, WC og dusj med blå krystallmosaikkfliser. 5 (-8) soveplassar. Bålplass. Utsikt til Selbusjøen. Båtplass. 30 meter til stranda.

Idéen starta

Eldbjørg Raknes, musikar og komponist busett i Trondheim, snubla over og forelska seg ved første blikk i Eggaodden skole og Bekkastoggo ein vinterdag i 2007. Ho kjøper dei mildt sagt slitne husa to dagar etter; dette paradiset må bli for kunst av alle slag! Og delast med alle som vil! Derfrå viklar ideen om Sjøbygda Kunstnarhus seg ut…og restuarering av hus, oppbygging av innhald og organisering er i gang.

Restaureringa

Begge tømmerhusa hadde stått tomme i omlag 50 år og trengte grundig handsaming og oppgradering. Golv, tak, bordkledning og vindauge er demontert og alt det moglege gjenbrukt. Skulen har sjølvkokt oker-komposisjonsmaling og handsmidde spikar. Bakkastoggo har fleire ferskgamle tømmerstokkar frå trønderlån nedmontert på Kvål… Begge hus har restaurerte vindauge med handblåst glas – med nye innervindauge. Masse sjel, masse arbeid! Restaureringsalbum: Eggaodden skole, Bekkastoggo.

Arbeidet

vart gjort av arkitekt Bente Rødahl, Ing. Ole Gullichsen, Tømmerstuggu, O. Trondseth Rør og Møbel, Jan R Henriksen elekroentreprenør, Vindusrestaurering as, Øivind Heimstad Ovnrestaurering, Murermester Olsen (Åge), BRUKdesign, Eldbjørg + veldig gode venner!  – Takk, alle!

Støttespelarar

for restaurering og etablering av verksemda var Selbu kommune, Sør-Trøndelag Fylkeskommune, Norsk Kulturfond, Norsk Kulturminnefond, Blilyst, Stiftelsen UNI, Innovasjon Norge og Selbu Næringsforum. Designbyrået Uredd laga vår profil. Eirik Backer har designa dagens heimeside.