Sjøbygda-
festivalen

Sjøbygdafestivalen er ein fleirkunstnerisk festival for publikum i alle aldrar og finn stad i august kvart år. Her opplever du fantastiske kunstnarar frå alle felt og genrar i samspel med sol, skugge, lys, mørkre – ute og inne. Her er ingen høge scenekantar. Sjøbygdafestivalen er til for unike opplevingar, utvikling, inspirasjon og opning for ALLE som er tilstades. Den første festivalen var opning av Sjøbygda Kunstnarhus, august 2009.
Følg Sjøbygdafestivalen på Facebook →
Sjøbygdafestivalen 2013 →

Presse

Alle bileta på vår heimeside kan lastast ned ved å klikke på biletet. Krediter fotograf ved bruk.
Kontakt: eldbjorg.raknes@sjobygda.no / +47 951 35 557

Andre arrangement og samarbeid

Vi har gjennomført førjulsdagar, ungdomscampar, temadagar, konsertar, dialogmøte, arkitektur&kunst-work shops for barn og tangokurs for vaksne. Og vi samarbeider med andre arrangørar og aktørar i regionen. Watch out!

Frå Ståle Storløkken sitt tingingsverk til festivalen 2013, «The impact of Nature and Beyond» i Selbu kirke:

Frå Sunanda Sharma og Jai Shankar på festivalen 2013:

Lisa C.B. Lie las forteljarstemma frå hennar stykke Blue Motel på festivalen 2013:

Kortfilm frå festivalen august 2011

Kortfilm frå temadag om «musikk for barn» oktober 2011