23. august 2013 - 24. august 2013: Sjøbygda­festivalen 2013

Fredag 23.8. i Selbu Kirke

20:00 - Ståle Storløkken, Eirik Hegdal og Bjarte Eike & Barokksolistene

Urframføring! Tingingsverk av Ståle Storløkken har komponert ny musikk for seg sjølv (kyrkjeorgel) + Eirik Hegdal (saxar og klarinettar) og Bjarte Eike (fiolin) og Barokksolistene på tarmstrengar og lutt. Selbu kirke har fantastisk akustikk og dette blir fabelaktig!

Laurdag 24.8. i Sjøbygda

12:00 - Rappe- og groove-workshop for barn og alle som vil. Med Lavtekk og Siv

På stranda: For barn og alle som vil. Lag årets SjøbygdaRappeLåt saman med rappar Lavtekk og trommis Siv Øyunn Kjenstad!

13:30 - Opningsbukett: Kyander / Roll / Storløkken / Lavtekk / Tørresvold / Elvenes

På utescena ved Eggaodden skole:

Opningsbukett: Pontus Kyander, opningsord / WorkshopBarn+ Lavtekk, rap + Siv Øyunn Kjenstad/ Ingrid Tørresvold, eigne tekstar / Eldbjørg Raknes, sang / Ståle Storløkken, tangentar / Pia Roll, monolog

14:30 - Sunanda Sharma & Jai Shankar

På utescena ved Eggaodden skole:

Sunanda Sharma er av dei fremste indiske songarane idag. Jai Shankar er tablameister. Ei ære! Og vi gler oss vanvittig til konsert med denne duoen i Sjøbygda sin naturscenografi.

16:oo - Frode Eggen & Siv Øyunn Kjenstad

I skogen: Frode Eggen er regjerande norgesmeister i teatersport og improviserer historier for og med barn og andre i alle aldrar - og Siv Øyunn på trommer&sånt! - midt i skogen!

16:30 - Steinsprettkonkurranse

På stranda - som er full av flate skiferstein som skapt for å sprette på Selbusjøen. Jo Kjærsem og Frode Eggen er dommarar i den kreative steinsprettkonkurransen for små og store! Premiar i sikte!

16:15 - Bjarte Eike & Barokksolistene

I Eggaodden Skole: Bjarte Eike og Barokksolistene er ein meister i tidlegmusikk - og i å lage spennande og fine konsept! Her gir dei oss  «Melancholy Images» med musikk frå deira kommande album - som er innspelt i Selbu kirke under Bjarte sine opphald som Sjøbygda*AiR.

17:00 - Grill

Ved Bekkastoggo/stranda. Ari Järnmark er årets Sjøbygdafestivalkokk!

19:00 - 1)Paal Nilssen Love  2)Lisa Lie

I skogen: Paal Nilssen Love, trommer, er ein av verdas fremste musikarar og spelar solo -trommer og gongar- i lysning i skogen medan augustsola går ned. Say no more.

Lisa Lie er poptrashens norske scenekunst-dronning. Gjer eit utdrag frå sitt siste stykke Blue Motell- skummelt og humoristisk! Blue Motell var i Sjøbygda i fleire periodar i produksjonen og har tydelege inspirasjonar frå «vår» skog - så det er rørande stas å få ein bit av dette tilbake til skogs - etter at stykket i vår har vore på Trøndelag Teater og Black Box, Oslo.

20:30 - Erling Borgen

I Eggaodden skole: Ein av Norges klaraste kritiske røyster gjennom fleire tiår. Med sine prisbelønte dokumentarfilmar og journalistikk har han i felire tiår komme med uredde avsløringar om maktmisbruk og overtramp mot ytringsfriheit. Han set han lys på dei mørkaste politiske krokar og samanhengar. Det vil vi ha på Sjøbygdafestivalen; opplysning og kritisk søkelys på etikk og prosessar - utviding av kunnskapsbotn, for opning av perspektiv!

22:00 - Stian Westerhus & Pale Horses

På Høgvang: årets andre tingingsverk! Stian Westerhus har som Sjøbygda*AiR komponert. Med det ser hans splitter nye trio dagens lys: Stian Westerhus & Pale Horses. Med Øystein Moen (tangentar) og Erland Dahlen (trommer). Trioen debuterer med denne musikken på Moldejazz i juli - og tek så prosessen vidare i Sjøbygda med opptak på Høgvang, UL Sjøsvalas forsamlingshus i Sjøbygda (frå 1896) , 50m frå Eggaodden skole. Makan til musikk har nok dei veggane aldri vore i nærheita av!

12:00 - Heile dagen: Haugtrø / Raknes / Breivik / Thallaug Wedset

Vigdis Haugtrø, visuell kunstnar, nytt verk i skogen. Eldbjørg Raknes slepp lyden av sitt nye SOLOalbum rundt om i skogen OG introduserer alle kunstnarane! Tor Breivik: lyd, Marianne Thallaug Wedset: lys og meir til

Kjøp billett + Kom

Billettsalg i døra. Pris: fredag 200/100 , laurdag 300/150 (barn, student, honnør)

Ta gratis Sjøbygdafestivalbuss laurdag 24.8.:Frå Trondheim Sentralstasjon kl 10.30 og 14:15. Retur 17:45 og 23:30.

Sjøbygda er 90 km frå Trondheim (80 min) og 50 km (50 min) frå Trh. Lufthavn Værnes.
Komme hit med bil →   Sjå Visit Selbu for evt. overnatting →

God mat og drikke til salgs heile laurdagen. Lave scenekantar og høg himmel inne og ute. Og dessutan kan ein bade. Og plukke villbringebær og sopp.Vi ynskjer publikum i ALLE aldrar hjartans velkomne!

Meir om kunstnarane og Sjøbygdafestivalen 2013 óg her→

Sjøbygdafestivalen 2013 er støtta av Norsk kulturfond, Intitusjonen Fritt Ord, Sør-Trøndelag Fylkeskommune og Norsk Jazzforum - og samarbeider med Selbu kommune, Den kulturelle Spasertokken. Tingingsverka av støtta av Norsk kulturfond. - Takk!